Bakgrunn

Eg har budd i Ålesund sidan 2001, og arbeider med mine maleri her, og ute i havgapet på "Fugleøya" Runde.

I tillegg har eg arbeidet mitt på UPA (Ungdomspsykiatrisk avdeling), der eg er lærar for ungdom med ulike vanskar. 
 Det vert mykje kreativ jobbing, noko som er både tappande og livgivande. Musikk har også alltid vore viktig for meg, og eg hadde over 30 år som medlem i Skruk før eg gav meg der. Eg syng no i Vokalgruppa Halv8.

Eg vaks opp i Volda, med kreative folk rundt meg. Etter vidaregåande flytta eg til Oslo, og sidan Bergen, der eg tok lærarutdanning med musikk. I mange år var det arbeidet som lærar, musikken, og etterkvart borna som tok all tid. Ynskje om å jobbe meir med det kreative kom etterkvart, og sidan 2000 har eg jobba målretta for stadig å kome vidare og verte betre i arbeidet med biletkunst. Etter mange år i Bergen flytta vi til Ålesund der eg studerte to år ved Ålesund kunstfagskule. Gode kreative år som resulterte i ny jobb, eige atelier i byen, og klare tankar om vidare arbeid.

Sidan eg flytta til Ålesund har eg fått gode kontakter, og eg får stadig nye oppdrag, både for privatpersonar og bedrifter. Eg er heldig som kan halde på med det eg likar best, men det krev tid og energi. Det krev arbeidsdisiplin å utvikle seg, og og ein kan ikkje gå og vente på inspirasjon. Eg må ofte ta meg saman, og kome meg til arbeidsromet etter allereie lang arbeidsdag. Alltid kjenner eg ei ro og ei slags forventning når eg endeleg sit framfor eit tomt lerret og veit at eg har timar framfor meg. Nokre gonger er det lett å male, andre gonger sit eg i timevis og maler, men resultatet "stemmer ikkje" og vert sett tilside. Eg har likevel vore i ein prosess.  Livet byr på korte streif av lykke, og perioder med vanskelege utfordringar. Alle opplevingar lagrar seg ein stad, og mykje dukkar nok fram i arbeidet med bilda mine. Eg er heldig som bur midt i mektig natur, med store vindauge mot sjøen og fjella som kvar dag viser seg fram på ulikt vis. Dei heilt "vanlege" dagane er det flest av, og det er dei som held meg "jorda", og gir energi.

Eg maler både abstrakt og i ein abstrahert figurativ stil, men aldri med tittel på bilda. Eg gler meg over undringa eit maleri kan skape, og er glad om nokon finn eigne motiv i det eg lagar.